Osterøy kommune Familiens hus

Ønskjer du å vere med å forme framtidas barnevern?

Kontaktperson

Osterøy barnevernteneste søkjar deg som er ein engasjert, løysingsorientert og varm kontaktperson for eit årsvikariat! 

Vil du vere med å utvikle vår barnevernteneste? Osterøy kommune er vertskommune for Vaksdal og Modalen barnevernsteneste. Saman skal me skape gode tenester å bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng. Vil du vere ein del av eit engasjert og levande arbeidsmiljø? Då kan du vere personen vi søkjer!

Osterøy barnevernteneste lyser ut tre stykk vikariat i 100% som kontaktperson med oppstart snarast.

Barneverntenesta har i dag 12 tilsette. Barneverntenesta er organisert i Familiens hus. Her finn du og tenestene PPT, Barn- og familieteamet og Osterøy helsestasjon. Familiens hus er plassert i sektor for Oppvekst, undervisning og kultur. Vår barnevernteneste har fokus på tidleg innsats, og ønskjer difor i tillegg å fylgje opp einskildsaker og bidra på systemnivå i høve satsing på førebyggjande arbeid for alle barn i tråd med ny barnevernlov/oppveksteform.

Familiens hus er lokalisert i nye, fine lokale i Lonevåg sentrum. Tenesta disponerar også kontorlokaler i Vaksdal.

Til den rette kandidaten tilbyr me: 

  • Eit årsvikariat i stilling som kontaktperson i tenesta vår
  • God rettleiing og tett oppfølging vekentleg 
  • Ein spanande jobb i ein kommune med heilskapleg satsing på barn/ungdom og deira familiar 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Eit høgt fagleg nivå med fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving 
  • Løn etter gjeldande avtaleverk 
  • Fleksibel arbeidstidsordning 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:

  • Sakshandsaming etter lov om barnevernteneste
  • Dokumentere arbeidet i sin heilheit
  • Leie og koordinere samarbeidsmøter og ansvarsgruppemøte
  • Gjennomføre familieråd
  • Rapportere til næraste leiar i sakar i hht. framdriftsplan og øvrige planer
  • Rapportere snarleg til næraste leiar dersom ansvarsområda ikkje gjennomførast innan frister og lovkrav.
  • Oppretthalde framdrift i sakar som ein har hovudansvar for
  • Tett tverrfagleg samarbeid med kommunen sine øvrige tenester til barn, unge og deira familiar, der fokus er å sjå familien i eit heilskapleg perspektiv
  • Representere kommunen i rettsinstansar og delta i vidareutvikling av tenesta sitt tilbod
  • Utstrakt kontakt med barn og foreldre, der barnesamtale og medbestemming vert vektlagd

For å stå godt i arbeidsoppgåvene ser me at du har følgjande kompetanse:

  • 3-årig sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog eller sosionom. Anna relevant utdanning kan og vurderast.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God kjennskap til/evne til å anvende Lov om barneverntenester og Forvaltningslova
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå førstelinjeteneste og kjennskap til fagsystemet Familia
  • Naudsynt med førarkort klasse B
  • Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning, eventuelt mastergrad
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde i tilsetjingsprosessen

Personlege eigenskapar me ser etter i den rette kandidaten: 

  • Eit fagleg engasjement med barn sitt beste i fokus 
  • Visar rausheit og respekt i møte med barn og familiar 
  • Du må vere god på relasjonsbygging og samarbeid med barn og deira familiar 
  • Du kan meistre stress og har tryggleik til å stå i krevjande situasjonar 
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og i team 
  • Du er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner 
  • Du har ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag, og du beherska eit høgt arbeidstempo og tidvis store arbeidsmengde
  • Du må opptre i samsvar med Osterøy kommune sitt verdigrunnlag, tillit, inkludering og nyskaping

Anna informasjon:

Oppmøtestad vil være på Osterøy, men ein må pårekne at det vil verte fleire dagar på kontor i Vaksdal.

Dersom du tek i mot stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3md. jf. Barnevernloven.

Søknad sendast via vår elektroniske rekrutteringsportal EasyCruit 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.02.2023

Tiltreding:

01.04.2023

Arbeidsstad:

Osterøy

Kontaktpersonar:

Adresse:

Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

Kontorlokalisering: