
Osterøy kommune søkjer helsefagarbeidarar
Helsefagarbeidarar i faste stillingar ved Osterøytunet
Kort om stillinga:
Osterøytunet er ein sjukeheim med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar. Institusjonen har eige kjøkken og eigen lege.
Som helsefagarbeidar skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer.
Osterøytunet skal opne opp ei ny sjukeheimsavdeling og treng fleire helsefagarbeidarar i faste stillingar frå 75-100%.
Me har ledig fleire faste stillingar 75-100% i samband med opning av ei ny gruppe. Det vil verte ledige stillingar både i 1.etasje og 2.etasje. Me har også eitt år vikariat 75% som helsefagarbeidar ledig frå 1.april på korttidsgruppa vår. Me har todelt turnus i årsturnus med moglegheit for å ynskje langvakter kvar 4.helg i staden for tradisjonell turnus med arbeid kvar 3.helg. Stillingane som er ledig har per i dag arbeid kvar 3.helg. Ved overgang til ny årsturnus i mars 2024 er det moglegheit for nye turnusønskje.
Me har også behov for helsefagarbeidarar/assistentar som ynskjer å være med i team rundt ein pasient som treng kontinuerleg oppfølging.
Tiltreding for stillingane er frå 12.juni, men uavklart per i dag dato for opning av ny gruppe .
Arbeidsoppgåver:
Heilskapeleg omsorg og pleie. Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov, samt målretta miljøarbeid.
Kompetanse:
Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Vidareutdanning innan demens eller geriatri er ein føremon.
Personlege eigenskapar:
* Eit positivt menneskesyn er påkrevd
* Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
* Du har godt humør, er fleksibel og påliteleg
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kolleger
Moglegheit for faglig utvikling
Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
Anna informasjon:
Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.02.2023
Arbeidsstad:
Osterøytunet
Kontaktpersonar:
Kristine Vedå
tlf: +47 56192503
Linea Vedå
tlf: +47 56192599
Åse Vevle
tlf: +47 56192501
Adresse:
Osterøytunet 3 5281 Valestrandsfossen