Osterøy kommune Osterøytunet

Osterøytunet søkjer ferievikarar til sommaren 2023

Ferievikar med rekrutteringstillegg

Kort om stillinga:

Osterøytunet er ein sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar. 

Kvar avdeling har 3 grupper. Institusjonen har eige kjøkken og eigen lege. 

Me har særleg fokus på ernæring og aktivitet. Som tilsett på Osterøytunet skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte.

Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer. 

 

Arbeidsoppgåver:

Heilskapeleg omsorg og pleie. Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov (blant anna personleg hygiene, mat, målretta miljøarbeid).

 

Kompetanse:

Interesse for arbeid med mennesker.

Personleg egnethetblir vektlagt.

Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.

Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.

 

Personlege eigenskapar:

Du er punktlig og til å stole på.

Du er ansvarsbevisst.

Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.

Du er god på å samarbeide med andre.

Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.

Du er fleksibel og gjør det som trengs.

Du er lojal mot felles beslutningar.

Du spør når det er noko du er usikker på.

Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.

 

Som ferievikar hjå oss får du rekrutteringstillegg:

Kompensasjon kr. 1000.- pr veke dersom du jobbar 4 veker samanhengande, og ytterlegare kr. 2.000.- for ei 5. veke.

Rekrutteringstillegg gjeld ferievikar og fast tilsette assistenter inntil 30% stilling.

Kompensasjon vert utbetalt etter at tenesta er utført.

 

Vi tilbyr og:

Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!

Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø.

Ferievikarkurs over 1 dag med introduksjon til fagfeltet, innhald med tema som er aktuelle for å jobbepå Osterøytunet

E-læringskurs som gjennomførast i forkant av tiltreding. 

Du vil få intern opplæring på arbeidsstaden.

Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet.

 

Anna informasjon:

Du som søkjer må helst vere over 18 år.

Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande i perioden mellom veke 25 og 33.

Søknad skal sendast elektronisk via vårt rekrutteringssystem Easycruit. Om du treng hjelp med registrering av søknad kan du ta kontakt med servicekontoret vårt på telefon: 56 19 21 00.

Me vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv om søknadsfristen ikkje er utgått. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.03.2023

Arbeidsstad:

Osterøytunet

Kontaktpersonar:

Kristine Vedå

tlf: +47 56192503

Linea Vedå

tlf: +47 56192599

Åse Vevle

tlf: +47 56192501

Adresse:

Osterøytunet 3 5281 Valestrandsfossen

Kontorlokalisering: