Osterøy kommune Osterøy integrerings- og læringssenter

Flyktningkonsulent - Helse og Kvalifisering (2 stillingar)

Flyktningekonsulent, Prosjektstilling ved Osterøy integrerings- og læringssenter

Osterøy integrerings- og læringssenter (OIL) skal tilsette medarbeidarar i samband med auka busetting av flyktningar. Vi treng flyktningkonsulentar til to delstillingar: 70% retta inn mot kvalifiseringsarbeid, og  60% retta inn mot helsefagleg arbeid. Begge stillingane er prosjektstillingar til 31.07.2024. Det kan òg bli høve til auke opp mot 100% ved vakanse i andre stillingar.

OIL er organisert under kultur og mangfald, sektor for Oppvekst, undervisning og kultur.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver for begge stillingane:

  • Mottak og oppfølging av flyktningar som kjem til Osterøy kommune
  • Hjelpe til ved etablering i eigen bustad samt bu-opplæring.
  • Kartlegge, rettleie og motivere våre nye innbyggjarar
  • Sakshandsaming etter integreringslova
  • Gje generelt råd og rettleiing etter behov
  • Leggje til rette for og støtte dei som skal ut i praksis
  • Hjelpe flyktningar å søkje offentlege tenester
  • Samarbeide med andre viktige aktørar som fremjar integrering og inkludering
  • Arbeide med individuelle planar

 Spesifiserte arbeidsoppgåver for kvalifiseringsstillinga:

  • Hjelpe flyktningar med å planlegge vidare løp mot skule, utdanning og arbeid
  • Samarbeide med vaksenopplæringa ved undervisningsoppgåver
  • Kartleggje og gje relevant råd og rettleiing i samband med arbeid og utdanning

Spesifiserte arbeidsoppgåver for den helserelaterte stillinga:

  • Kartleggje og gje relevant råd og rettleiing i samband med helserelaterte utfordringar
  • Samarbeid med dei kommunale helsetenestene. 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgare utdanning innan helse-, sosial-  eller pedagogiske fag. 
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring med relevante fagsystem er ein fordel
  • Gode kunnskapar i både nynorsk og bokmål, skriftleg og munnleg.
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og sakshandsaming
  • Relevant erfaring frå arbeid med flyktningar er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner
  • Du orienterer deg, finn ut av ting og likar å utvikle eigen kompetanse, kunnskap og ferdigheit
  • Open for ulike kulturar og arbeider kultursensitivt
  • Trygg og tydeleg i kommunikasjon
  • Evner å arbeide målretta, strukturert, effektivt og nøyaktig
  • Evne til å arbeide traumesensitivt, gjerne erfaringsbasert.
  • Det er viktig at du trivst med teamarbeid og er vant til å ta ansvar for eiga læring og utvikling
  • Du må kunne omstille deg og like å ha ein arbeidskvardag der du må yte hjelp til deltakarar ad hoc
  •  

Vi tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Fleksibel arbeidskvardag
  • Eit godt arbeidsmiljø og inkluderande kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariff/etter avtale
  • God forsikring – og pensjonsordning

 

Tilsetjing skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Det er 6 mnd prøvetid.
Ein må pårekne noko arbeid på ettermiddag/kveld i samband med mottak av flyktningar

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

31.01.2023

Arbeidsstad:

Osterøy integrerings- og læringssenter

Kontaktpersonar:

Trude Tomren

tlf: 56192752

mob: 93257767

Adresse:

Hauge 5281 Valestrandsfossen

Kontorlokalisering: