
Vi har ledig stilling ved Psykisk helse og rusomsorg
Fagarbeidar - Psykisk helse
Kort om stillinga:
Eininga psykisk helse og rusomsorg består av bufellesskap, psykiatrisk heimeteneste, kommunepsykolog og tilbodet Kroken som gjev tenester til personar med rusproblem. Vi har no ledig ein 100% stilling som høyrer til bufellesskapet.
Raus bufellesskap er lokalisert i Haus sentrum på Osterøy. Nord Europas største innlandsøy. Anten du bor på Osterøy eller fastlandet er Haus aldri langt unna. Frå Bergen sentrum brukar du ca 35 minuttar med bil om du legg turen over Osterøybrua! Og køen går motsatt veg- både til og frå jobb.
Det er langvaktsturnus i bufellesskapet: 12 timer i vekedagar per vakt, 10 timar i helg og arbeid kvar 4. helg.
I Raus bufellesskap ynskjer me å ha fokus på heilskapeleg meistring av kvardagen.
Raus bufellesskap er eit resultat av samanslåing av to tidlegare bufellesskap. Samanslåinga blei iverksett våren 2020 og var noko eininga hadde sett fram til i lang tid. Tenesta er under kontinuerlig utvikling og du kan vere med å gjere ein skilnad.
Høyrast dette ut som noko for deg ynskjer me veldig gjerne å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver:
- Gje bistand til bebuarane i dagleglivets aktivitetar
- Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap
- Ha fokus på aktivitet i kvardagen
- Bistå primækontakt i å lage og oppdatere tiltaksplaner
- Styrke det sosiale nettverket til bebuarane
- Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Kompetanse:
Fagbrev med relevanse for stillinga.
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med liknande brukargruppar.
Personlege eigenskapar:
Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
Du bør være ein person som liker ei utfordring, er løysingsorientert og nytenkande
Gode samarbeidsevner og tryggleik i faget er viktig.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP
Høgt fagleg nivå i kollegagruppa
Godt arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale
Anna informasjon:
Krav om politiattest ved eventuell tilsetjing
Krav om førarkort klasse B
Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta
kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
28.01.2023
Tiltreding:
01.04.2023
Arbeidsstad:
Haus
Kontaktpersonar:
mob: +47 91383481
Heimeside:
http://www.osteroy.kommune.no/Adresse:
Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg