Osterøy kommune

Psykisk helse og rusomsorg søkjer sjukepleiar/vernepleiar til 100% fast stilling

Sjukepleiar/Vernepleiar

 

Psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune ønskjer ny medarbeidar i 100% stilling som sjukepleiar eller vernepleiar, med snarleg oppstart. Psykisk helse og rusomsorg held til i lyse og trivelege lokaler i Lonevåg og yter tenester til heimebuande i heile kommunen. Stillinga er tiltenkt likt fordelt mellom psykiatri og rus oppfølging. Stillinga er unnateke turnusarbeid og normal arbeidstid er dagtid.

Eininga psykisk helse og rusomsorg består av psykiatrisk heimeteneste, kommunepsykolog, Raus bufellesskap og tilbodet Kroken som gjer tenester til personar med rusproblem. Psykiatrisk heimeteneste, Kroken og kommunepsykolog utgjer tilsaman 6 årsverk. 

Psykiatrisk heimeteneste gjer hjelp til meistring på ulike livsområder til personer over 18 år som opplever funksjonstap grunna psykiske helseutfordringar. Tenesta har fokus på å finne styrker og ressursar hjå den einskilde på tross av psykiske helseutfordringar. Vårt hovudfokus er å bidra til å oppretthalde, samt utvikle den einskilde brukers potensiale med varig auka sjølvstende som resultat. 

Psykisk helse og rusomsorg er i ein omstillingsfase der me vel og ha meir fokus på gruppar enn på ein til ein oppfølging. Det er derfor ynskjeleg at du har eller er villig til å ta sertifisering i Kid.

Vi ynskjer søkjarar med interesse for arbeidet i psykisk helse og rusomsorg og som ynskjer å bidra aktivt i utforming og utføring av tilbodet til våre brukarar.

Kjenner du at dette treff og engasjerar, er det DEG vi søkjer og som vi ynskjer velkomen til eining for psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune!

 

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp brukarar etter vedtak i tråd med deira behov og målsetting
  • Medikamenthandtering
  • Journalføring
  • Samarbeide og koordinere helsehjelp mellom samarbeidspartnarar som t.d. fastlege, distriktpsykiatriske sjukehus (DPS), forvalting og NAV. 
  • Revudere vedtak 
  • Bidra til struktur og føreseielegheit for brukarar gjennom utarbeiding av vekeplan, individuell plan og ansvarsgruppe.
  • Halde kurs

 

Din kompetanse:

  • Du er utdanna sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du er trygg på eigen relasjonskompetanse
  • Du har førarkort klasse B
  • Du har gode norskkunnskaper

 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Du er påliteleg
  • Du trivst båe med sjølvstendig arbeid og arbeid i team 
  • Du er fleksibel og liker ein kvardag der du i stor grad legg opp dagens gjøremål sjølv
  • Du er bevisst over eigne haldningar og verdiar, og du visar brukarar respekt 
  • Du er lojal mot arbeidsstaden og overhalder fatta vedtak
  • Du møter utfordringar med humør og pågangsmot 
  • Du kan inspirere dine samarbeidspartnarar til å arbeide mot felles mål for den einskilde brukar 
  • Personlege eigeskaper vil bli vektlagd. 

 

 

Vi kan tilby deg:

  • Eit godt arbeidsmiljø med høg, fagleg kompetanse 
  • Ein variert arbeidskvardag 
  • Ei avdeling som heldt til i nytt og triveleg bygg med eige kontor og bilpark 
  • Ei av Noregs finaste øyar som arbeidsstad
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Osterøy kommune er ei IA-bedrift 
  • Oppdaterte tekniske verktøy med m.a. bærbar PC og jobbtelefon knytt til stillinga
  • Ein arbeidsstad som gler seg til å få nettopp deg som ny kollega!

 

 

Anna informasjon:

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3mnd. 

Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing. 

Tiltreding snarast. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.01.2023

Tiltreding:

01.04.2023

Arbeidsstad:

Lonevåg

Kontaktpersonar:

Trude Dingsør-Totland

tlf: +47 56192275

Adresse:

Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

Kontorlokalisering: