Osterøy kommune

Osterøy kommune søkjer etter arkivmedarbeidar

Arkivmedarbeidar - Stab, støtte og utvikling

Kort om stillinga

Stillinga ligg til dokumentsenteret i Stab, støtte og utviklingsavdelinga i Osterøy kommune som har 11 årsverk. Her arbeider ein dagleg med postregistrering, kontroll og journalføring og yter brukarstøtte og rådgiving til våre sakshandsamarar. Ein bidreg og inn i digitaliseringsprosjekt i kommunen med arkivfagleg kunnskap og kompetanse. Kommunen nyttar sak- og arkivsystemet Websak frå Acos.

Arbeidsoppgåver

  • Daglege arkivrutinar som posthandtering(digitalt og papirbasert), registrering, skanning og journalføring.
  • Delta i den daglege drift av dokumentsenteret.
  • Opplæring, støtte og rådgivning til sakshandsamarar.
  • Brukarstøtte og kursvirksomhet.
  • Deltaking/ støtte inn i digitaliseringsprosjekt som krev arkivfagleg kunnskap.
  • Oppfølging av arkivarbeid ute i organsisasjonen.
  • Superbrukar i saks- og arkivsystemet.
  • Kvalitetssikring i arkivsystem og i publisering til offentleg journal.
  • Utarbeide, implementere og følge opp rutiner og rettningslinjer.

 

Kompetanse

  • Det er ønskeleg med bachelor innan arkiv eller dokumentforvaltning, men fagbrev i kontorfaget i kombinasjon med relevant praksis kan bli vurdert. Lang erfaring med dokumentforvaltning kan kompensere for manglande bachelor/fagbrev.
  • Erfaring frå bruk av elektroniske sak- og arkivløysingar og elektronisk arkivdanning er ein fordel.
  • Kjennskap til lovverk og bestemmelser som regulerer offentlege arkiv.
  • Gode IKT-kunnskaper og systemforståing.

 

Personlege eigenskaper

  • Er serviceinnstilt, positiv og fleksibel.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Jobber effektivt, både sjølvstendig og i team.
  • Er nøyaktig, ryddig, systematisk og kvalitetsbevisst.
  • Er ein pådrivar med god gjennomføringsevne.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pernsjon- og forsikringsvilkår
  • Fleksibel arbeidstidsordning i IA-verksemd

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.02.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Rådhuset, Lonevåg

Kontaktpersonar:

Adresse:

Osterøy Rådhus, Geitaryggen 8 5282 Lonevåg

Kontorlokalisering: