Osterøy kommune

Nestleiar - Helse, omsorg og sosial

Nestleiar - Helse, omsorg og sosial

 

Har du lyst til å arbeide i ein utviklingsorientert kommune? Vi ser etter ein engasjert, tydeleg og dyktig nestleiar for Helse, omsorg og sosial i Osterøy kommune! 

Osterøy kommune er ein spennande kommune som både er tradisjonsrik men og under utvikling! Osterøy har ei rik natur med mange flotte turistperlar! Busetnaden er jamnt fordelt og vi har eit rikt næringsliv! 

Vi søkjer no etter deg som er løysingsorientert, handlekraftig, engasjert og motivert til å vere med å forme, utvikle og leie kommunen vidare i lag med kommunalsjef. 

 Bli betre kjent med Osterøy kommunune her! 

Me ser etter ein handlekraftig og positiv nestleiar for Helse, omsorg og sosial! Om du har kunnskapen og erfaringa me treng er det deg vi vil kome i kontakt med! 

Sektor for Helse, omsorg og sosial i Osterøy kommune består av Bu- og avlastingstenesta, Osterøytunet sjukeheim, Psykisk helse og rusomsorg, Heimetenesta og NAV Osterøy. Kommunalsjef for Helse, omsorg og sosial er næraste overordna og ein vil som nestleiar arbeide tett både med kommunalsjef og kvar av dei fem einingsleiarane. I tillegg til leiarteamet har sektoren og to driftskoordinatorar som arbeidar på tvers i sektoren. 

Nestleiarstillinga er ein heil, fast stilling som er direkte knytt til kommunalsjef for sektoren. Nestleiar har personal- og økonomiansvar for legetenesta i kommunen og dei to driftskoordinatorane. Nestleiar vil og vere leiar for koordinerande eining og psykososialt kriseteam. Nestleiar vil og vere leiar for inntaksteamet som er Helse, omsorg og sosial si vurderingseining opp mot inntak i sjukeheim. Kompetanseforum, som er sektoren sitt fora som sikrar at vi får vidareutdanning på dei områda vi har behov for i eigen sektor ligg og underordna nestleiarstillinga. I varslingssaker som ligg utanfor sektor helse, omsorg og sosial vil nestleiar gå inn som medlem i varslingsutvalet.

I stillinga som nestleiar er ein og overordna ansvarleg for kapittel 9 og 4a i helse- og omsorgstenestelova. Stillinga vil verte nytta på tvers av sektoren og vil krevje stor grad av samhandling både med interne og eksterne aktørar. Det er venta at nestleiar vil fungere for kommunalsjef ved fråvære. 

Helse, omsorg og sosial i Osterøy kommune er under utvikling og det vil difor kunne verte endringar i både ansvarsområde og arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga. 

 

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:

  • Personal og økonomiansvar
  • Ansvar for ulike team i sektoren
  • Medlem av varslingsutvalet
  • Plan- og utviklingsarbeid
  • Prosjektarbeid
  • Kontaktperson for ulike samarbeid internt og eksternt

 

Me ser etter følgjande kompetanse:

  • Høgare utdanning med minimum bachelor innan helse, omsorg og sosial - eller andre relevante fagområder
  • Vidareutdanning innan leiing
  • Leiarerfaring på minimum einingsleiarnivå
  • God munnleg og skriftleg framstilling på nynorsk

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er god på planlegging
  • Du er sjølvstendig og god på gjennomføringsevne
  • Du er god på prioritering 
  • Du bygger gode relasjoner til medarbeiderne dine

 

Om du er den rette kandidaten kan vi tilby deg: 

  • Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt leiarteam i helse, omsorg og sosial 
  • Du vil få eit tett samarbeid med driftskoordinatorar og kommunalsjef
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP 
  • Tett og godt samarbeid på tvers av dei ulike sektorane som gjer moglegheit for raskare avgjersler  
  • Løn etter avtale 
  • Moglegheiter for kompetanseheving og fagleg utvikling 

 

Stillinga er unnateke arbeidstidsbestemmingane i arbeidsmiljølova og vert kompensert med eit ekstra tal fridagar pr. kalenderår i tråd med hovudtariffavtalen, for meirarbeid utanom normal arbeidstid og møteverksemd. 

Er du den me ser etter kan me garantere spennande, utviklande og givande arbeidsoppgåver. Om du tenkjer dette kan vere noko for deg er du velkomen til å søkje stillinga! 

Har du spørsmål kan du gjerne ta kontakt med vår kommunalsjef for Helse, omsorg og sosial, Kristin Ruud Myking. Kontaktinformasjon ligg til høgre i annonsen. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Søknad skal sendast elektronisk via vårt rekrutteringssystem EasyCruit. 

Intervju vil bli gjennomført i veke 7-8. 

Stillinga krev førarkort, klasse B. 

 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.01.2023

Tiltreding:

01.04.2023

Arbeidsstad:

Lonevåg

Kontaktpersonar:

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering: