Osterøy kommune

Driftskoordinator - Helse, omsorg og sosial

Driftskoordinator- Helse, omsorg og sosial

 

Kort om stillinga:

Har du lyst å bli vår nye driftskoordinator?

I helse, omsorg og sosial er det ledig 100 % stilling som driftskoordinator. Stillinga ligg til overordna nivå, for tida med arbeidsplass ved Osterøytunet. Stillinga blir nytta på tvers av sektoren, men vil og ha samhandlingspunkt eksternt ut mot andre aktørar. Omlag 20% av stillinga vil være satt av som systemadministrator for koordinerande eining. Det er ei stilling med mange ulike arbeidsoppgåver og det blir stor variasjon i arbeidagen din. Du er ein av to driftskoordinatorar som jobbar i team saman med kommunalsjef, nestleiar og einingsleiarar.

 

Arbeidsoppgåver:

Døme på oppgåver:

  • Systemadministrator for koordinerande eining
    • Ta i mot meldingar, kartlegge og sakshandsame meldingar om behov for individuell plan, brukarkoordinator/barnekoordinator
    • Samarbeide med einingar innan ulike sektorar for å finne brukarkoordinator/barnekoordinator
    • Lære opp og rettleie brukarkoordinator/barnekoordinator i rolla og systemet individuell plan
    • Systemadministrator for individuell plan
    • Rutineansvarleg for koordinerande eining
  • Merkantile oppgåver - varebestilling og fakturahandtering
  • Systemadministrator for journalsystem og andre aktuelle system i helse og omsorg
  • Kontaktperson opp mot vidaregåande- og høgskule 
  • Koordinator opp mot elevar, lærlingar og studentar
  • Redaktørrolle i ulike system for helse, omsorg og sosial
  • Bidragsytar inn i ulike prosjekt
  • Følge opp rutinar som pr i dag ligg til stillinga ved Osterøytunet - merkantile oppgåver
  • Bidra i utarbeiding av rutinar
  • Tilrettelegge for kurs

Oppgåver til stillinga vil kunne endre seg 

 

Kompetanse:

  • Høgare utdanning, minimum bahchelor innan relevante fagområder. 
  • Dersom du har fagbrev med fagskuleutdanning og relevant erfaring innan områda kan dette kompensera for kravet om bachelor 

Personlege eigenskapar:

  • Du er initiativrik og er god på planlegging
  • Du er ein problemløysar som har god evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du er open for omstillingar og endring av arbeidsoppgåver
  • Du er god til å kommunisere med alle 

 

Vi tilbyr:

  • Du får arbeide saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP 
  • Du får løn etter tariff
  • Du får arbeide i ei IA-verksemd (Inkluderande Arbeidsliv) 
  • Du får får bli ein del av eit godt arbeidsmiljø

 

Anna informasjon:

Førarkort klasse B er naudsynt

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.01.2023

Arbeidsstad:

Osterøytunet

Kontaktpersonar:

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering: