Osterøy kommune

Sommarjobb med rekrutteringstillegg i Heimetenesta

Ferievikar i Heimetenesta sommar 2023

 

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommarferieavviklinga god for brukarane våre.

Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til å gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar til våre brukarar.

Heimetenesta er delt i 3 avdelingar; Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad og Praktisk Bistand:

Heimetenesta yter tenester (til dømes hjelp til stell og måltider) til heimebuande i alle aldre på heile Osterøy. Ved vaktstart møter ein ved basen vår i Lonevåg. Her får du elektronisk liste over kva oppgåver du skal utføre i løpet av arbeidsdagen, før du reiser ut i ein av våre biler.

Hauge omsorgsbustad (BUF) er ein del av Heimetenesta og har tett samarbeid med heimesjukepleien. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 leiligheiter med heimebuande brukarar. Hauge Omsorgsbustader er lokalisert i same bygg som Osterøytunet, og har eiga bemanning. Ein utfører same typer tenester som ein gjer i Heimetenesta.

Praktisk Bistand er lokalisert i Lonevåg saman med Heimetenesta. Praktisk bistand utfører reinhald i brukars heim. Det er 2 tilsette som reiser ut saman og fordeler arbeidsoppgåvene seg imellom.

Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. Det vil bli laget turnuser med arbeid i inntil 100% i perioden ein kan jobbe, det vil også vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat.

 

Arbeidsoppgåver:

Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.

Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.

Delta i legemiddelhandtering.

Journalføring og dokumentasjon.

 

Kompetanse:

Interesse for arbeid med mennesker.

Personleg egnethet vektlegges.

Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.

Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.

I Heimetenesta og Praktisk Bistand er det krav om førarkort kl.B

 

 Personlege eigenskapar:

 Du er punktlig og til å stole på.

Du er ansvarsbevisst.

Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.

Du er god på å samarbeide med andre.

Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.

Du er fleksibel og gjør det som trengs.

Du er lojal mot felles beslutningar.

Du spør når det er noe du er usikker på.

Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.

 

Som ferievikar hos oss får du rekrutteringstillegg:

Kompensasjon kr. 1000.- pr veke dersom du jobbar 4 veker samanhengande, og ytterlegare kr. 2.000.- for ei 5. veke.

Rekrutteringstillegg gjeld ferievikar og fast tilsette assistenter inntil 30% stilling.

Kompensasjon vert utbetalt etter at tenesta er utført.

 

Vi tilbyr og:

Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!

Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø.

Ferievikarkurs over 1 dag med introduksjon til fagfeltet, innhold med tema som er aktuelle for å jobbe i heimetenesta.

Kommunen tilbyr eit nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som ikkje har eit slikt kurs frå før. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga.

Du vil få intern opplæring på arbeidsstaden.

Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet.

 

Anna informasjon:

Du som søkjer må helst vere over 18 år.

Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande i perioden mellom veke 25 og 33.

Søknad skal sendast elektronisk via vårt rekrutteringssystem Easycruit. Om du treng hjelp med registrering av søknad kan du ta kontakt med servicekontoret vårt på telefon: 56 19 21 00.

Me vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv om søknadsfristen ikkje er utgått. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.03.2023

Arbeidsstad:

Heimetenesta

Adresse:

Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

Kontorlokalisering: