Osterøy kommune

Ledig stilling i sjukepleiarteam i Heimetenesta

Sjukepleiar i Heimetenesta

 

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig både faste 100% sjukepleiarstillingar og vikariat i frå 75 – 100 % i vårt sjukepleiarteam.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til nødvendig helsehjelp i henhald til helse- og omsorgstenestelova. Me har eit bredt fagfelt der du får nytta heile din sjukepleiarkompetanse og det er moglegheitar for vidareutvikling. Heimetenesta er i stadig utvikling, og er i gong med fleire spanande prosjekt som velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og er i planleggingsfasa til omsorg+.  I heimetenesta har vi tverrfaglege fora innafor ulike fagfelt, til dømes palliasjon, rehabilitering og velferdsteknologi.

Hos oss går ein i 2-delt årsturnus der ein kan velje å gå langvakter kvar 4.helg eller tradisjonelle vakter kvar 3.helg. I mars 2022 auka me grunnbemanninga vår, og starta opp med eige sjukepleiarteam på kveld og helg, i tillegg til ordinær bemanning. Teamet består av 3 sjukepleiarar som samarbeider på sine vakter. Ein har dermed betre tid til å handtere uforutsette hendingar som krev sjukepleiarkompetanse. Frå mars 2023 startar me opp med administrasjonsveker for sjukepleiarane der ein vil ha ansvar for blant anna samhandling med sjukehus, e-meldingar frå fastlegar, ruteplanleggar/arbeidsplan og liknande. Desse dagane har ein overordna ansvar og er stasjonert inne på basen vår i Lonevåg.

Me tilbyr fastløn på 20 000 kr. over tariffløn for dei som går i full stilling.

 

Arbeidsoppgåver:

Omsorg til menneske i deira eigen heim.

Bidra til å styrke brukar sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (ved å bruke kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi).

Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.

Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand.

Samarbeid med pårørande.

Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.

Gi råd og veiledning til kollegaer.

Administrasjonsveker.

Faste møter med fleire samarbeidspartar.

 

Kompetanse:

Krav om autorisasjon som sjukepleiar

Fordel med relevant vidareutdanning, men ingen krav

Krav om å beherske vanleg IKT verktøy

Krav om gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar.

Førerkort klasse B er påkrevd

 

Personlege eigenskapar:

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner som bidrar til å gjere andre rundt deg trygg og gode i faget.

Lojal mot arbeidsstaden og dei fatta vedtaka

Fokus på fagutvikling og refleksjon

Fleksibel og villig til endring

Viser omsorg for andre

Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, brukarar og pårørande

Punktleg og strukturert

Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

 

Vi tilbyr:

Fastløn + 20 000 kr over tariffløn for heiltidstilsette

God opplæring

Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling

Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad

 

Anna informasjon:

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

29.01.2023

Adresse:

Fotlandsvegen 27 5282 Lonevåg

Kontorlokalisering: