Osterøy kommune

Miljøarbeidar / assistent

Ynskjer du eit arbeid med meiningsfylte oppgåver? Faste helgestillingar ledige i Bu- og avlastingstenesta!

 

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.

 

Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar.  Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar. Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss.

 

Vi har no fleire ledige helgestillingar:

Osterøy Avlastning:

3 x helgestillingar 14,95% med langvakter

3 x helgestillingar på 19,77- 18,77 og 19,80% med kort og langvakter.

For alle stillingane er det varierande intervall på helgearbeid i halvtårsturnus.

Svamyra bustad:

4 x helgestillingar med arbeid var 4. helg i langvakter på 23,59% - 22,71% - 23,59% og 23,19%.

Hauge bustad:

1 x helgestilling 25% med sein/langvakter, kvar 4. helg.

Butiltak Raknes:

1 x helgestilling 22,54% med sein/langvakter, kvar 4. helg 

Arbeidsoppgåver:

  • Fagleg oppfølging av miljøarbeidet. Bidra til å skape trygghet og trivsel.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Hjelp, rettleiing og og støtte til daglege aktivitetar.
  • Bidra til at brukar opplever å vere sjef over sine dagar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.   
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov.
  • Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar.

Kompetanse:

  • Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med utviklingshemming.
  • Student/elev innen vernepleie, sykepleie, helsefagarbeid og andre helsefag.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa.
  • Førarkort kl.B.
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.

 

 Personlege eigenskapar:

  • Du er punktlig og til å stole på.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
  • Du er god på å samarbeide med andre.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
  • Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar! 
  • Du er fleksibel og gjør det som trengs.
  • Du er lojal mot felles beslutningar.
  • Du spør når det er noe du er usikker på.
  • Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
  • Personlig egnethet vil verte vektlagt.

 

Me tilbyr:

  • Spennende utfordringar både fagleg og personleg.
  • Høg etisk standard og fagleg nivå.
  • Opplæring med introduksjon til fagfeltet med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andres heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv. (digital opplæring og fysiske arrangement). Du får også opplæring i bustaden.
  • Løn etter tariff og kompetanse.
  • Gode pensjons og forsikringsvillkår
  • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø

 

Anna informasjon:

  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.
  • Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv om søknadsfristen ikkje er utgått. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt

Søknadsfrist:

12.02.2023

Tiltreding:

etter avtale

Kontaktpersonar:

Ann Kristin Angeltveit-Vedaa

tlf: +47 46299752

Eirik Knappskog

mob: +47 48480755

Hege Cathrine Høvig

mob: +47 98838777

Torild Skaftun Høylo

tlf: +47 40807250

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering: