Osterøy kommune

Miljøarbeidar / assistent

Ynskjer du ein spennande og variert arbeidskvardag i sommar? Søk sommerjobb med rekrutteringstillegg i Bu- og avlastingstenesta!

 

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommardagane gode for brukarane våre.

Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar.  Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

 

Bu- og avlastingstenesta tenester til personar i alle aldre med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Eininga består av 5 bufelleskap, 5 bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

 

Arbeidsstadane i eininga har ulike turnusar; Nokon stader har dei kortvakter på dag og kveld, og/eller langvakter (inntil 14 timar), stundom kombinert med nattevakter, og nokon stader arbeider dei 2-3 døgnvakter med påfølgande 7 dagar fri. For alle stillingane vil det vere turnusarbeid med arbeid inntil kvar 2. helg.

 

Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. Det vil bli laget turnuser med arbeid inntil 100% i perioden ein kan jobbe, det vil også vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
  • Bidra til at brukar opplever å vere sjefen over sine dagar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar. 
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov.
  • Journalføring og dokumentasjon. 
  • Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar. 

 

Kompetanse:

  • Interesse for arbeid med mennesker med utviklingshemming.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa,men ikkje eit krav.
  • Personleg egnethet vektlegges høyt.
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Ynskjeleg med førarkort kl.B

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er punktlig og til å stole på.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
  • Du er god på å samarbeide med andre.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
  • Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar! 
  • Du er fleksibel og gjør det som trengs.
  • Du er lojal mot felles beslutningar.
  • Du spør når det er noe du er usikker på.
  • Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.
  • Personlig egnethet vil verte vektlagt.

 

Som ferievikar hos oss får du rekrutteringstillegg:

  • Kompensasjon kr. 1000.- pr veke for veke 1-4 (sammanhengande teneste), kr. 2.000.- for veke 5.
  • Rekrutteringstillegg gjeld ferievikar og fast tilsette assistenter inntil 30% stilling.
  • Kompensasjon vert utbetalt etter at tenesta er utført, og gjeld for heile sektor Helse, Omsorg og sosial i Osterøy kommune.

 

 

Vi tilbyr også:

  • Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!
  • Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø.
  • Ferievikarkurs over 2 dagar med introduksjon til fagfeltet, innhold med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andres heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv.
  • Kommunen tilbyr eit nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som treng dette på den plassen dei vert tilsett og ikkje har eit slikt kurs frå før. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga.
  • Du vil få intern opplæring på arbeidsstaden.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet.

 

 

Anna informasjon:

  • Du som søkjer må helst vere over 18 år.
  • Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande i perioden mellom veke 25 og 33.
  • Søknad skal sendast elektronisk via vårt rekrutteringssystem Easycruit. Om du treng hjelp med registrering av søknad kan du ta kontakt med servicekontoret vårt på telefon: 56 19 21 00.
  • Me vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv om søknadsfristen ikkje er utgått. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.03.2023

Tiltreding:

01.06.2023

Kontaktpersonar:

Ann Kristin Angeltveit-Vedaa

tlf: +47 46299752

Eirik Knappskog

mob: +47 48480755

Guro Marie Byrkje

tlf: 97197363

mob: +47 97197363

Hege Cathrine Høvig

mob: +47 98838777

Torild Skaftun Høylo

tlf: +47 40807250

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering: