Osterøy kommune

Vikariat i allmennpraksis Valestrand legekontor, Osterøy kommune

Fastlege vikariat

Kort om arbeidsplassen:

Valestrand legekontor ligg på Valestrand på Osterøy, sentralt plassert med utsikt mot sjøen. Osterøy har eit levande lokalsamfunn, allsidig næringsliv og vakker natur. Folketal er ca 8100 innbyggjarar, og det er både bru og ferjesamband til Bergen.

Valestrand legekontor har 3 fastlegeheimlar og organisert som eit DA. Det er 2,36 årsverk som helsesekretær ved kontoret. Legevikaren vil ikkje ha nokon forpliktelser ifht. drift av legekontoret. Driftstilskotet til lista tilfell legekontoret. Vikaren beheld all inntening. Journalsystemet er Infodoc.

Osterøy har også legesenter i Lonevåg med tre stillingsheimlar. Pr i dag har kommunen ein LIS 1 stilling, men håper snart å få to faste LIS 1 stillingar.

Kommuneoverlegen på Osterøy har delt stilling, 40 % som kommuneoverlege og 60 % som sjukeheimslege ved Osterøytunet.

 

Osterøy kommune har ledig vikariat som fastlege ved Valestrand Legekontor DA. Det er ønskeleg med 1-års vikariat og det er mogelegheit for forlenging. Vikariatet er ledig frå dags dato.

 

Arbeidsoppgåver:

Uselektert kurativ allmennlege virksomheit. Listelengda er 1300 pasientar.

Innehavar av heimel pliktar å delta i kommunal legevakt på dagtid, for tida ein dag i veka på Valestrand legekontor.

Ingen kommunal bistilling.


Kompetanse:

  • Norsk autorisasjon - HPR-nr må opplysast i søknaden
  • Godkjent LIS1 teneste eller tilsvarende med rett til trygderefusjon
  • Spesialist i allmennmedisin, eller påbegynt spesialisering i allmennmedisin.
  • Erfaring frå allmennmedisin og relevante spesialiteter vil bli vektlagt
  • God norsk munnleg og skriftleg førestellingsevne. Dersom ein er i tvil om søkjarar har  naudsynte norskkunnskapar, skal vedkommande kunne dokumentera sin kunnskap ved gjennomført språktest C1 før evt. tilsetting.
  • Gyldig førarkort.

 

Det er ønskeleg med erfaring frå allmennmedisin og privat praksis, og administrativt arbeid knytt til privat drift av legekontor. 

Legar utan LIS 1 med erfaring frå allmennpraksis eller legevakt kan også søke.

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
  • Evne til å bidra til utvikling og kvalitetsforbetring innan området.
  • Løysningsorientert.
  • Personlege eigenskapar for å fungere godt i heimelen vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr:

  • Jamlege allmennlegemøter med dei andre fastlegane
  • Samarbeidsutval med kommuneoverlege og kommuneleiing
  • Dyktige og erfarne kollegaer ved kontoret
  • Korte tenestelinjer i den kommunale helse- og omsorgstenesta

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

Snarast

Arbeidsstad:

Valestrand legekontor

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering: