Osterøy kommune

Osterøy kommune søkjer reinhaldsoperatørar!

Reinhaldsoperatør

Me har for tida 3 leidge stillingar, derav ein 100 % fast stilling, ein 59 % fast stilling, og eit halvtårs vikariat i 100 % stillingsstorleik.

 

Kort om stillinga:

Stillingane er lagt til reinhald ved kommunale bygg ved ulike lokasjonar på Osterøy. 
Arbeidet er på dagtid, med oppstart kl. 06.00, mandag til fredag.

Arbeidet krev ein viss grad av mobilitet, og sertifikat kl. B, er eit føremon. 

Arbeidsoppgåver:

Dagleg, periodisk og hovudreinhald.

Kompetanse:

Fagbrev innan reinhaldsoperatørfaget. 
Kandiatar utan formell kompetanse må vere villig til å ta fagbrev innan kort tid. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for dette, og gje naudsynt opplæring. 
Rettleiing vil verte gjeven på arbeidsstaden. 
Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språkferdigheiter tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.  

Personlege eigenskapar:

Gode samarbeidsevne, men og evne til å arbeide sjølvstendig. 
Du må ha ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet. Ein må vere fleksibel og ha omstillingsevne.
Personleg eignaheit vil verte vektlagd. 

 Vi tilbyr:

Godt arbeidsmiljø og god opplæring. 
Fagleg rettleiing.
Gode pensjons og forsikringsvilkår. 

 Anna informasjon:

Intervju vert gjennomført hovudsakleg i veke 42 og 43. 

Ønskjeleg med oppstart medio november.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.09.2021

Tiltreding:

15.11.2021

Arbeidsstad:

Osterøy

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering