Osterøy kommune

Vi har ledig 100% fast stilling ved Valestrand skule!

Undervisningsstilling

Osterøy kommune har fem kommunale grunnskular, derav ein ungdomsskule, samt eit senter for vaksenopplæring. Valestrand skule har frå 01.11.2021 ledig ein fast stilling i 100% for undervisning og klasseleiing i 1-7 trinn. Det kan bli lagt kontaktlærarfunksjon til stillinga. Det er ynskjeleg med kompetanse i faga norsk, engelsk og matematikk. Ved intern tilsetjing vil det bli ledig eit årsvikariat.

Osterøyskulen har fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del og kapasitet til klasseleiing. Skulane har gjennom fleire år fokusert på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse. 

Du kan lese meir om skulane våre her: Osterøy kommune - Skulane våre (osteroy.kommune.no) 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Undervisning 
  • Planleggje og leie arbeidet med elevane si læring, individuelt og i lærande team 
  • Arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø 
  • Samarbeide på team og vere aktiv bidragsytar i felles skuleutviklingstid 
  • Leggje til rette for eit godt skule-heim-samarbeid 

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend pedagogisk lærarutdanning frå høgskule eller universitet, med gode kunnskapar både fagleg og didaktisk 
  • Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar 
  • Du kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev 
  • Du har god nynorsk framstillingsevne 
  • Du har god digital kompetanse 

 

Personlege eigenskapar

  • Me ynskjer ein tydeleg lærar med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner, samt god relasjonskompetanse 
  • Du har evne til å arbeida systematisk, nøyaktig og å gjennomføra kreativ og variert undervisning 
  • Du har god arbeidskapasitet, endringskompetanse og evne til å ta ansvar 
  • Du er utviklingsorientert og har høge ambisjonar for elevane, kollegaer og deg sjølv 
  • Du er positiv i møte med elevar, føresette og kollegaer, du ser løysingar framfor problem.

 

Me tilbyr: 

  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer 
  • Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar 
  • Løn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 
  • Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift 

 

Anna informasjon:

  • Søkjarlister er offentlege
  • Søknader skal registrerast elektronisk via søknadsportalen
  • I tråd med opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav om politiattest ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn 3 md. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.09.2021

Tiltreding:

01.11.2021

Arbeidsstad:

Valestrand

Kontaktpersonar:

Adresse:

Valestrandsvegen 338 5281 Valestrandsfossen

Kontorlokalisering