Osterøy kommune

Er du ein trygg og erfaren person som ynskjer å jobbe i Bu- og avlastningstenesta?

Tilkallingsvikar - Døgnturnus, langturnus, natt

 

Kort om stillinga:

Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Me søkjer fleire dyktige tilkallingsvikarar som kan jobbe ved sjukdom eller fråvær av vårt faste personal. Me har behov for deg som kan jobbe døgnturnus med henholdsvis 2-2-3 døgn med 7 turnusfrie dagar mellom kvar vakt periode. Det vil og vere behov for våkande nattevakt og langvakter dersom ynskjeleg. 

Me søkjer etter deg som har erfaring frå tidlegare med arbeid med brukargruppa, som er fleksibel til å kunne jobbe på evt kort varsel. Du ynskjer å bidra til tryggleik, struktur og forutsigbarhet for den som mottar tenesta. Du må vere pliktoppfyllande, tålmodig, roleg, strukturert og initiativrik. Det er svært ynskjeleg med erfaring med autisme, utfordrande åtferd og må vere god på å skape tillit og tryggleik. Du vil få moglegheit til å delta i eit godt etablert tilbod som har ein upriseleg verdi for den som skal motta dine tjenester. 

 

 Arbeidsoppgåver:

- Bistå tenestemottakar i daglege gjeremål samt fylgje til dagtilbod på gard

- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk

- Oppfølging av psykisk og fysisk helsetilstand, herunder medisinsk oppfølging

- Samarbeid med pårørande, arbeidstilbod og eksterne samarbeidspartnarar

- Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar 

 

Kompetanse:

- Alle har mogleheit til å søkje, men ynskjeleg med personar med relevant kompetanse. T.d vernepleiar, sjukepleiar, helsefagarbeidar, etc. 

- Sterkt ynskjeleg med relevant erfaring med brukargruppa

- Ynskjeleg med erfaring i: åtferdsanalyse, målretta miljøarbeid, førebygging og handtering av utfordrande åtferd

- Erfaring frå arbeid med autismespekterforstyrringar og komplekse diagnosebilete

- Gode kommunikasjonsferdigheitar og samarbeidsevner

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne

- Førarkort klasse B

- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språkferdigheitar tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.

 

Personlege eigenskapar:

 - Fagleg engasjement er ei føresetnad

- Du må vere ein god lagspelar og bidra aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø.

- Du må vere ansvarsfull, tålmodig og tåle stressande situasjonar

- Du må vere sjølvstendig

- Du må vere trygg på deg sjølv og handtera uforutsette situasjonar med ro og tryggleik

- Du er oppteken av eit tett og godt samarbeid med kolleger, pårørande og andre samarbeidspartnarar

- Du må ha evne til å skape tryggleik og tillit

- Du er oppteken av målretta arbeid og likar å jobbe systematisk

- Du må ha ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet

- Grunna arbeid tilknytta gard kan du ikkje ha sterke allergier som forhindrer deltakelse

Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

 

Me tilbyr:

- Ein fagleg utfordrande stilling

- Gode påverknadsmoglegheitar

- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar

- Løn etter tariff

- Gode pensjons- og forsikringsvillkår

- Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø

 

 

Anna informasjon:

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje frem politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd prøvetid ved fast tilsetjing. 

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus
Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

30.11.2021

Kontaktpersonar:

Guro Marie Byrkje

tlf: 97197363

mob: +47 97197363

Adresse:

Geitaryggen 8 5282 LONEVÅG

Kontorlokalisering