Osterøy kommune - Osterøytunet

Osterøy kommune søkjer sjukepleiarar til fast stilling i nattenesta

Sjukepleiar nattenesta

 Kort om stillinga:

Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar. Kvar avdeling har 3 grupper. Institusjonen har eigen lege. Osterøytunet ligg på Osterøy, 40 minuttar kjøring frå Bergen sentrum.
Da ei av våre gode medarbeidarar går av med pensjon, har me ledig ei fast stilling som sjukepleiar i 59,15% stilling frå 3. januar 2022. I tillegg har me ledig ei fast stilling 59.15 % med oppstart snarast mogleg. Det kan bli moglegheiter for høgare stilling ved overgang til årsturnus frå november-21. 

Nattenesta har base på Osterøytunet og gir tenester til pasientar og brukarar både på institusjonen og til heimebuande i heile kommunen. Arbeidet er variert, og fagleg utfordrande. Som sjukepleiar skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer.

 

Arbeidsoppgåver:

- Sjukepleieoppgåver til bebuarar i institusjon og heimebuande.

- turnus med arbeid kvar 3.helg

 

Kompetanse:

Me søkjer etter personar med

-bachelor i sjukepleie (krav)

-relevant vidareutdanning eller erfaring med arbeid innan geriatri er ynskjeleg 

-gode norskkunnskapar i munnleg og skriftleg (krav)

-gode datakunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

Du

- har godt humør, er fleksibel  og påliteleg

- har gode samarbeidsevner

- har fokus på å støtte, motivere og inspirere kolleger

- har fokus på fagutvikling og refleksjon

- har eit positivt menneskesyn 

 

Vi tilbyr:

God opplæring

Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling

Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver

Moglegheiter for fast tilsetting 

Gratis parkering, ladestasjon for el-bil og god moglegheit for køfri køyring til jobb

 

Anna informasjon:

Ved tilbod om stilling må det leggjast fram politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd.

Kommunen har 6 mnd prøvetid ved fast tilsetjing 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

26.09.2021

Arbeidsstad:

Osterøytunet

Kontaktpersonar:

Linea Vedå

tlf: +47 56192587

Åse Vevle

tlf: +47 56192501

Adresse:

Osterøytunet 3 5281 Valestrandsfossen

Kontorlokalisering