Osterøy kommune

Ringevikarar til skule og barnehage

Ringevikar

Kort om stillinga

Osterøy kommune har 6 kommunale barnehagar, 4 barneskular og 1 ungdomsskule. Her kan du søkje på stilling som ringevikar! Behovet vil vere situasjonsavhengig og det er difor ikkje garantert at du vil få svar på søknaden din. Vi ønskjer derimot å ta vare på søknaden din og ta kontakt for ein samtale dersom behov skulle oppstå. Stillingane er både i undervisning, assistent på skule, fagarbeidar og assistent i barnehagar. 

 

Arbeidsoppgåver

Vikar i barnehage og skule ved kortare og lengre fråver

 

Kompetanse

Erfaring frå arbeid med barn i barnehage og skule. Vi ynskjer søkarar med utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar og barnehagelærar. Anna relevant kompetanse kan og vurderast. Ufaglærte kan og søkja. 

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som ynskjer å arbeide med barn og unge, trivst i rolla og kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar og vere god på samarbeid. 

 

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Løn etter gjeldande tariffavtale.

 

Anna

Dersom du tek imot stillinga må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

31.12.2021