Osterøy kommune

Ringevikar i helse, omsorg og sosial

Ringevikar

Kort om stillinga

Sektor for Helse, omsorg og sosial i Osterøy kommune består av Osterøytunet, Bu- og avlastingstenesta, Heimetenesta og Psykisk helse og rusomsorg. Her kan du søkje om å vera ringevikar hjå oss! 
Behovet for vikarar vil variere og vi ønskjer difor å oppmode deg til å søkje på stilling. Vi vil ta kontakt med aktuelle kandidatar ved behov for ekstra bemanning. Om du vert kontakta vil du få arbeidsavtale hjå den leiaren som har teke deg inn i tenesta. Behovet er situasjonsavhengig og det er difor ikkje garantert at du vil få svar på søknaden din, men vi ønskjer å oppbevare denne til eventuelle behov dukkar opp. 

 

Arbeidsoppgåver

Stell og pleie av pasientar og brukarar, samt andre oppgåver som brukarane i helse- og omsorgstenesta treng hjelp til. 
opplæring vil bli gitt på staden. 

 

Kompetanse

Hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller helsefagarbeidar

Ufaglærte kan og søkja

  

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er påliteleg og tilpasningsdyktig

 

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Løn etter gjeldande tariffavtale.

 

Anna

Dersom du får tilbod om stilling må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. 
I nokre tenester er førarkort ein fordel. Oppgje gjerne i søknaden om du har dette. 

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

31.12.2021